Hopp til innhold

Om eksamen og sensur i opplæringsforskriften

Opplæringsforskriften gir følgende føringer for eksamen og sensur:

  • Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til eleven, lærlingen, lærekandidaten eller praksisbrevkandidaten ved avslutninga av opplæringa i fag (§9-15).
  • Eksamen skal vere i samsvar med kompetansemåla i læreplanen (§ 9-25).
  • Kompetansemåla skal forståast i lys av teksten om faget i læreplanen (§ 9-1).
  • Eksamen skal gi eleven eller privatisten høve til å vise sin kompetanse i så stor del av faget som mogleg ut frå eksamensforma (§9-25).
  • Ein eksamenskarakter skal vere uttrykk for den kompetansen kvar enkelt elev eller privatist viser på eksamen (§9-25).
  • Ved lokalt gitt eksamen har kommunen eller fylkeskommunen ansvaret for å utarbeide eksamensoppgåver, setje dato for eksamen og gjennomføre sensur, om ikkje noko anna er fastsett i læreplanen i faget (§9-26).
  • Alle eksamenssvar skal vurderast av to sensorar (…)

Ved lokalt gitt eksamen skal minst éin sensor vere ekstern. Faglæraren skal vere sensor om kommunen eller fylkeskommunen ønskjer det (§9-33).