Accessibility Tools

Kulturtanken

Den kulturelle skolesekken
Sist endret: 7. mars, 2024

Den kulturelle skolesekken (DKS) er ei nasjonal ordning som sørgjer for at alle skuleelevar i Noreg får oppleva profesjonell kunst og kultur kvart år. Gjennom ordninga får elevane høve til å oppleva, gjera seg kjend med og utvikla forståing for profesjonelle kunst- og kulturuttrykk. DKS er eit samarbeidsprosjekt mellom kultur- og opplæringssektoren på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå, og omfattar alle skulane i Noreg. Fylkeskommunen er ansvarleg for regional koordinering og programmering, men kommunane har også moglegheit for å utvikla eigne program lokalt.

FINT har utvikla eit API for Den kulturelle skolesekken som bidreg til å effektivisera dagens manuelle handtering av informasjon om skular, elevtal, trinn, klassar m.m. i DKS portal og fagsystem. For at API-et skal fungera etter formålet er det behov for tilgang til skuledata hos kvart enkelt fylke.

 

Målgruppe:

Fylkeskommunar

Korleis bestilla tenesta?

Blir bestilt via kundeportalen.